<b>Xeonjia</b> er eit <b>eventyrspel</b> sett i ei <b>frosen verd</b>.

Golvet er frose. Tenk varsamt om dine rørsler, du kan ikkje byta retning før du støyter på noko.
Nytt hovudet ditt og løys isskridingsoppgåvene.

Verda har vorte frosen av <b>«Den Vonde Kongen»</b> og er ikkje lenger ein trygg stad.

Det vert sagt at ein modig helt kjem til å slå Den Vonde Kongen og berge kongeriket … Derfor vert ein person kvart år utnemnd som ein «helt» og send ut på eit eventyr for å røyna å berge det.

No er tida inne, <b>du er valt som dette årets helt.</b> Kjem du til å greia å slå Den Vonde Kongen?

Du må fara verda kring og granske byar, fangehòl, og gåtefulle hòler.

<b>Er du reiug til å løysa oppdrag og oppgåver i denne frosne rollespelverda?</b>

Du vil over tid få røyningspoeng som lèt deg auke nivået ditt. Attpåtil vil du finna pengar og skjulte skattar som du kan nytte til å kjøpa ting og betre deg sjølv.

Ver var, verda er full av <b>skadelege fiendar</b> som er reiuge til å skada deg.

Merk at mesteparten av <b>golvet er frose</b>, so du kan ikkje stanse før du støyter på ein vegg, stein, eller eit anna hinder.

<b>Nytt hjernen din til å finna den beste vegen.</b>

<b>Merk</b>: dette spelet er ikkje fullgjord enno, og er for tida i tidleg beta.
